Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Utstilling med Longva kunstnarresidens

Foto frå Longva på Flemsøy, med vindmøller i bakgrunnen og eit tog av folk i framgrunnen. - Klikk for stort bilete Margarida Paiva


Fram til midten av desember kan du sjå utstillinga Tidshorisontar på kunstveggen ved Ålesund bibliotek. Det er Longva kunstnarresidens som står bak utstillinga. Den har utgangspunkt i eit større  arrangement som fann stad på Nordøyane i august i år. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

I utstillinga kan du sjå dokumentarfoto frå arrangementet Mellom himmel og hav: Tidshorisontar. Dette arrangementet gjekk føre seg på Nordøyane 8. - 20. august 2022. Her arbeidde åtte internasjonale performancekunstnarar i landskapet på Nordøyane gjennom to veker. Saman med ein antropolog, ein geolog og ein kunsthistorikar utforska dei møte mellom menneskeleg tid og geologisk tid.

Performancekunstnarane i Tidshorisontar er Frauke Materlik, Sabine Popp, Tina Mariane Krogh Madsen, Gunnhildur Hauksdóttir, Chuyia Chia, Esa Kirkkopelto, Ine Harrang og Monroe Isenberg. Tidshorisontar er dokumentert av fotografane Margarida Paiva og Mateo Christensen. 

Mellom himmel og hav / Between Sky & Sea VI: Temporal Horizons blei arrangert av Longva kunstnarresidens og Performance Art Bergen i samarbeid. Det var støtta av Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturfond og BEK – Bergen senter for elektronisk kunst.

Utstillinga er tilgjengeleg i biblioteket si opningstid i heile november og fram til midten av desember.

Seinare i november vil kunstnar og arrangør Terese Longva frå Longva kunstnarresidens fortelje om utstillinga og om utviklinga av Longva kunstnarresidens på Skuløy i ein kunstnarsamtale. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette.