Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Utstilling og føredrag med Ålesund Kameraklubb

Ålesund Kameraklubb feirar i år 75 år. Det markerer dei med to utstillingar på Ålesund bibliotek, i tillegg til fleire fotoføredrag på biblioteket i utstillingsperioden. 

Bileta er tekne av medlemmene i klubben, og viser fleire ulike sjangrar innan fotografi. Marsutstillinga presenterer sjangrane Natur, Portrett, Gatefotografering og Kreativ. Ta deg ein tur på biblioteket og sjå utstillinga til Ålesund Kameraklubb i mars!

Tysdag 12. mars inviterer Ålesund bibliotek også til føredrag med Stein Lauritsen frå Ålesund kameraklubb. Lauritsen har kalt føredraget for “Skogsturer uten klokke - om å se det store i det små", og det er basert på boka av same namn. Det uttrykkjer ein livsfilosofi som enkelt seier “sett ned farten og opplev meir”. Det passar godt med det faktumet at stadig fleire menneske søkjer ro og naturopplevingar i nærområda sine. I føredraget fortel Stein Lauritsen med bilete og ord kva han sjølv har funne, opplevd, tenkt og lært i ein skog i nærleiken. Verd å få meg seg for alle som vil setja ned farten - og for alle som vil ha fleire gode grunnar for å få med seg barn og barnebarn ut. 

Torsdag 14. mars blir det føredrag med Leonard Løvoll: “Slik tar du betre landskapsbilete”.  Leonard Løvoll viser med ord og bilete "knepa" som lèt deg ta betre landskapsbilete, og som gjer det morosamare å vise fram og legge ut bileta på sosiale medium. Desse knepa er like nyttige for mobilfotografen som for deg med eit vanleg kamera. Fotoentusiasten Leonard Løvoll har lang erfaring, og er eit mangeårig medlem av Ålesund Kameraklubb. Han er ein ivrig konkurransefotograf - særleg med landskapsbilete.

Føredraga er gratis og ope for alle. Meir informasjon om tid og stad finn du i Kva skjer-kalenderen til Ålesund bibliotek.