Verdas bokdag - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Verdas bokdag

23. april kvart år feirar vi bøker, lesing og forfattarar over heile verda!

Verdas bokdag 23. april - World book day - Klikk for stort bilete

 

Kvifor 23. april?


Den 23. april 1616 døydde tre store forfattarar: Miguel de Cervantes, William Shakespeare og Inca Garcilaso de la Vega. I Catalonia har dei lang tradisjon for å feire bøkene på denne symbolske datoen, og i 1995 vedtok UNESCO at verdas bokdag skal feirast 23. april kvart år.

Kvifor bøker?


Ei bok er som eit vindauge inn til ei anna verd. For kvar side du blar om kan du møte nye menneske, nye kulturar og nye idéar. 


Verdas bokdag feirar bokglede, leselyst og det positive ved lesing. FN slår fast at bøker er ei lenke mellom fortid og framtid, ei bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Dei er også ein essensiell del av den sosiale og kulturelle utviklinga til menneskeslekta. Bokdagen skal bidra til å fokusere på prosjekt som styrkar leseevna hos folk, og da spesielt for kvinner og barn. Les meir på FN sine nettsider her.


Sjølv om biblioteka i dag er fylte med mange ulike ting og aktivitetar, er det framleis bøkene som er kjernen i verksemda vår. Besøk ditt bibliotek i dag og spør oss om tips. Kan hende finn du akkurat den perfekte boka for deg nett no!

Eg elskar bøker - Klikk for stort bilete