
Gjennom markeringa set vi fokus på historia til familien Steinfeld og på korleis Holocaust ramma enkeltmenneske – også her i vår eiga region. Arrangementet gir eit viktig historisk perspektiv som koplar dei store, europeiske hendingane til dei lokale liva som blei råka.
Program måndag 27. januar
Kl. 17.00 – Aalesund museum
- Opning av utstilling om familien Steinfeld.
Kl. 18.00 – Steinfelds plass, Kongens gate
- Avduking av minneplakett over familien Steinfeld ved ordførar Håkon Lykkebø Strand.
- Kultursjef Gro Dalen leiar arrangementet
- Innlegg ved Dag Steinfeld på vegner av familien.
- Innlegg ved Åsta Vadset, rådgivar for private arkiv ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal: Lea Steinfeld – mor, hustru og sanitetskvinne.
- Musikalsk innslag ved Ulrik Refsnes Lerstad.
Kl. 19.00 – Ålesund bibliotek
- Bokbad med Dag Steinfeld om boka Mannen som gjekk fri, som kastar nytt lys over politiinspektør Knut Rød og deportasjonen av norske jødar i 1942.
- Samtaleleiar: Inger Christine Årstad frå Aalesund museum.
- Høve til å kjøpe signerte bøker i samarbeid med Norli etter samtalen.
Dag Steinfeld: Mannen som gikk fri - politiinspektør Knut Rød og deportasjonen av de norske jødene
Ålesund bibliotek ynskjer velkomen til bokbad med forfattar Dag Steinfeld om boka som kastar nytt lys over eit mørkt og lenge fortrengt kapittel i norsk historie.
Fredag 9. april fall dommen i ei av Noregs mest oppsiktsvekkjande rettssaker. På tiltalebenken sat politiinspektør Knut Rød, mannen som i 1942 organiserte deportasjonen av jødar frå Noreg til Auschwitz-Birkenau. Berre nokre få kom tilbake. Likevel vart han frikjent og fekk tilbake stillinga si i politiet. Korleis kunne det skje?
Gjennom omfattande dokumentasjon avdekker Steinfeld korleis Rød, som leiar i Statspolitiet, arbeidde med kald effektivitet - og korleis logikken frå den kalde krigen avgjorde rettsoppgjeret. Boka dokumenterer òg korleis namngjevne medlemmar av motstandsrørsla, fleire av dei seinare dekorert med Kongens fortenestemedalje eller andre høge utmerkingar, spelte aktive roller i jødeaksjonen.
Dette er ein rystande biografi som søkjer svar på korleis Knut Rød kunne gjere det han gjorde, og korleis han som leia jødedeportasjonane, gjekk fri og vendte tilbake til kvardagen som om ingenting hadde hendt.
Samtalen vert leia av Inger Christine Årstad frå Aalesund museum.