Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Zoom inn zoom ut

Er du glad i film?
Filmnegativ holdt opp mot lyset - Klikk for stort bilete 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Zoom inn zoom ut er bibliotek-Noregs eige digitale filmklubb. Sjå ein utvalt film frå biblioteket si strøymeteneste Filmoteket og bli med å diskutere på klubbmøte via Zoom.
Du treng ikkje melde deg på og både arrangementet og filmen er gratis. 

Vårens datoar: 
30. mars kl 18.00 - The Gentlemen (Guy Ritchie, 2019)
20. april kl 18.00 - Ikkje annonsert film
4. mai kl 18.00 - Ikkje annonsert film
1. juni kl 18.00 - Ikkje annonsert film

Arrangementet er sponsa av Nasjonalbiblioteket og er eit samarbeid mellom Mossebibliotekene, Kongsberg bibliotek, Verdal bibliotek, Moss Filmklubb, Ålesundsbiblioteka og Norgesfilm.