Ålesundsbiblioteka Malportal

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund fengsel

Fengselsbiblioteket ligg i Ålesund fengsel og har ope to dagar i veka. Det vart oppretta i 2017 for å kunne gje eit kulturtilbod til dei innsette i fengselet.

I opningstida kan dei innsette kome til biblioteklokalet og låne bøker, lydbøker eller filmar. Det er også ulike aktivitetar frå tid til annan, som dei innsette kan vere med på, anten som deltakar eller som hjelpar.

Tilbodet er høgt verdsett i fengselet.