Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Trivselsreglar

Ålesundsbiblioteka skal vere ein trygg og triveleg stad å opphalde seg for alle innbyggjarar.

Alle besøkande må difor rette seg etter biblioteket sitt regelverk og allmenne reglar for god framferd. Personalet vil i første omgang høfleg gjere merksam på dei krava biblioteket stiller til brukarane. Dersom slik oppmoding ikkje vert akseptert, kan vedkommande visast bort frå biblioteket.

Bruk av rusmiddel

Personar som er påverka av rusmiddel, personar som bruker rusmiddel og personar som kjøper eller sel rusmiddel, skal visast bort frå biblioteket.

Sjenerande åtferd

Personar som opptrer trugande eller som på annan måte er til sjenanse for det øvrige publikum på grunn av støy, lukt etc. skal visast bort frå biblioteket.
Bortvising frå biblioteket sitt område betyr ikkje varig utestenging frå biblioteket. Det er eit tiltak i her og no-situasjonen, og bortviste personar skal få tilgang att til biblioteket på lik linje med andre brukarar. Varig bortvising vil vere eit alvorleg inngrep i den einskilde sine rettar og vil krevje behandling i samsvar med forvaltningslova. Ved gjentakande situasjonar som medfører bortvising, vil ein vurdere utestenging for ein kortare eller lengre periode.