Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Kunstvegg

På Ålesund bibliotek har vi kunst- og fotoutstillingar som vi skiftar ut månadleg.

 

I Ålesund sentrum har vi månadlege utstillingar med verk frå både profesjonelle kunstnarar og hobbykunstnarar. Kunstveggen starta som ein fotovegg med utstillingar av fotografi og fotokunst. Seinare vart det utvida til å famne fleire kunstuttrykk, både biletkunst, installasjonar, tekstilkunst med meir. 

Det er gratis å stille ut verka sine i biblioteket, og vi hjelper til med marknadsføring av utstillinga. Materiale til oppheng må du dekke sjølv. Det også kunstnarane sjølve som heng opp utstillingane. 

Er du interessert i å stille ut kunstverka dine? Ta kontakt med Katrine E. Celius på katrine.ekroll.celius@alesund.kommune.no