Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Reduserte opningstider ved Harøy og Skodje bibliotek

I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:
Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00

Måndag 26. mai er biblioteket stengt.

Torsdag 29. og fredag 30. mai er Skodje bibliotek stengt. 

Lesevenner

Som lesevenn kan du glede andre med høgtlesing.

Jente som smiler og leser bøker - Klikk for stort bilete


Kunne du tenke deg å lese for andre? Få ting er så givande som å hjelpe til, og det å bli lest høgt for kan vere rein terapi. Mange på seniorsenter, sjuke- og alderheim sit mykje åleine, og då kan det gjere underverk å ha ei lesestund å glede seg til. Som lesevenn set vi deg i kontakt med ein stad der du kan kome og lese. Tidspunkt og kor ofte du vil lese for nokon bestemmer du sjølv i samarbeid med staden du les ved.

 

Kunne du tenke deg å bli lesevenn? Ta kontakt med ditt lokale bibliotek!