Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Reduserte opningstider ved Harøy bibliotek

I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:
Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00

Måndag 27. mai held biblioteket stengt.

Samlesing

Få ei litterær oppleving med samlesing.

Novelletekst med bilde av snusmumriken utendørs - Klikk for stort bilete

Litterært pusterom er ein slags drop-in lesesirkel med bakgrunn i metoden Shared Reading. Vi les ei novelle og eit dikt i lag, fulgt av uformelle samtalar om tekstane.
Litterært pusterom blir leia av verifiserte leseleiarar frå biblioteket med kompetanse innan Shared Reading. Desse plukkar ut tekstane som blir brukte. 
Det trengs inga førebuing for å bli med!  

Samlesing på tur

I samarbeid med Den Norske Turistforening arrangerer vi nokre turar i året der vi tek med oss noveller og dikt og les i kaffipausa ute i det fri.