Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Skaporama

Skaparverkstad for barn og unge.

Barn som sitter rundt bord med datamaskiner og spiller Minecraft - Klikk for stort bilete Skaporama er eit tilbod for barn og unge som består av ulike makerspace-prosjekt, eller skaparverkstad-prosjekt. Gjennom Skaporama kan du mellom anna bruke symaskin, lage animasjonsfilmar, programmere kulerobotar, bygge i Minecraft og lage podkast.

Skaporama har eigne arrangement og låner ut utstyr til skular.  

Skaporama er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Haram frivilligsentral, I.P. Huse AS, Nogva motorfabrikk AS, Samfjordkvartalet AS, Haram næring og innovasjonsforum, OptimarStette AS og A-team bil AS.