For deg som likar å strikke og vere sosial samstundes.
Likar du å strikke? Då er du hjartleg velkomen til å vere med på strikkekafé! Her kan du ta med deg vener eller treffe nokon nye, og strikke, dele oppskrifter og tips over ein kopp kaffi og noko å bite i.
På nokre av strikkekafèane får vi også besøk av lokale garnbutikker eller designerar. Dei kjem med inspirasjon, nyheiter, tips og triks frå garnverda.
Strikkekafé finn du på:
- Harøy bibliotek
- Skodje bibliotek
- Ålesund bibliotek
Sist endra 06.12.2021 14.19