Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Avisteneste frå Nasjonalbiblioteket

Lån aviser frå Nasjonalbiblioteket på nett

Skjermbilete av framsida på ei gamal avis - Klikk for stort bilete


Les aviser frå Nasjonalbiblioteket på nett eller bestill mikrofilm av dei fleste norske aviser. Nasjonalbiblioteket har digitalisert ein stor del av norske aviser. Dei digitaliserte utgåvene er søkbare, noko som gjer det lettare og mindre tidkrevjande å leite og finne fram i avisene, dersom det er noko speisielt du er ute etter. 

Biblioteket kan hjelpe deg med å skaffe tilgang til dei digitaliserte avisene hos Nasjonalbiblioteket. For å få denne tilgangen, må du søke og logge inn med BankID, MinID eller FEIDE, og så får du tilgang i åtte timar om gongen. 

Kontakt biblioteket for å få meir informasjon om denne tenesta, og hugs å ta med deg BankID om du kjem til biblioteket for å få tilgang.

Tenesta er gratis. 

Nasjonalbibliotekets avisteneste