Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Endringar i tilbodet ved Ålesund bibliotek

I perioden 20. mars - 5. mai er lokala til Ålesund bibliotek stengt på grunn av bygningsarbeid. Vi vil likevel halde så mange tilbod og tenester som mogleg opne for lånarane våre. Vi har laga til alternative løysingar både når det gjeld utlån, arrangement og aktivitetar.

Les meir om dette her.

Bibliofil-appen

Har du Bibliofil-appen? Med den har du lånekortet ditt digitalt, og du kan enkelt administrere låna og reserveringane dine.

Animasjonsbilete av ein mobiltelefon med Bibliofilappen. - Klikk for stort bilete

 

Bibliofil-appen kan installerast på mobiltelefonar og nettbrett med Android og iOS, og du kan laste den ned frå Google Play eller App store. 

Appen gjer det lett å finne fram til biblioteket sine tenester. Du har full tilgang til søk, reservering og lånarsider.

Med appen kan du også få lånekortet på opp på skjermen, slik at du slepp å ha med det fysiske lånekortet ditt til biblioteket. Lånekortet i appen kan brukast på mange sjølvbeteningsautomatar, i skranken og på innloggingspanela for dei meiropne biblioteka.

Start opp appen, vel bibliotek og logg inn på vanleg måte med lånenummer og pinkode frå ditt bibliotek. Du kan enkelt skifte mellom bibliotek, og appen gir tilgang til alle bibliotek som brukar biblioteksystemet Bibliofil.