Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

BookBites

Biblioteka sin app for e-bøker og lydbøker.

jente som leser bok på nettbrett - Klikk for stort bilete

 Frå appen BookBites kan du låne fritt frå boksamlinga utan å bevege deg utanfor dørstokken.

Logg inn med lånekort og PIN-kode (spør biblioteket dersom du ikkje finn koden din), så er du klar til å låne. Du kan låne opptil tre bøker samstundes i appen og elles reservere og lese så mykje du vil.

Nettsida Brukerstøtte BookBites inneheld "Ofte spurde spørsmål" og artiklar og videoar for å lære seg korleis bruke appen.

Appen er tilgjengeleg for både iOS og Android.