
Du kan få tilgang til å lese dei fleste norske aviser i Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket har digitalisert ein stor del av norske aviser. Dei digitaliserte utgåvene er søkbare, noko som gjer det lettare og mindre tidkrevjande å leite og finne fram i avisene, dersom det er noko speisielt du er ute etter.
Biblioteket kan hjelpe deg med å skaffe tilgang til det digitaliserte materialet hos Nasjonalbiblioteket. For å få denne tilgangen, må du søke og logge inn med BankID, og så får du tilgang i åtte timar om gongen. Du kan søke om tilgang frå biblioteket eller heimanfrå.
Kontakt biblioteket for å få meir informasjon om denne tenesta, og hugs å ta med deg BankID om du kjem til biblioteket for å hjelp til å søke om tilgang.
Tenesta er gratis. Den omfattar også anna digitalisert materiale, som bøker, tidsskrift, bilete og anna. Her kan du lese meir om ordninga:
Nasjonalbibliotekets nettbibliotek
Slik gjer du det:
- Gå til Nasjonalbibliotekets nettbibliotek.
- Vel “Logg inn” opp til høgre på sida. Logg inn med ID-porten (BankID, Min ID m.fl.).
- Når du har logga inn, går du til menyen oppe til høgre på same sida (ved sidan av namnet ditt) og vel “Søknad om tilgang til pliktavlevert materiale”.
- Vel “Send inn” på sida som kjem opp. Det er Nasjonalbiblioteket si publikumsteneste som godkjenner søknaden og gjev tilgang. Det tar normalt berre nokre minutt.
Du får ein epost når søknaden er innvilga, og då har du tilgang i 8 timar. Dersom du treng tilgang lenger, må du søke på nytt.
Nasjonalbiblioteket handsamar søknadar innanfor desse opningstidene:
Måndag—fredag: 09.00–19:00
Laurdag: 10:00–15:00
Søndag: Stengt
Opningstider sommaren 2025:
Frå og med veke 26 til og med veke 33:
Måndag—fredag: 10:00–18:00
Laurdag: 10–15:00