Tibi (tidlegare NLB - Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek) er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som produserer og låner ut tilrettelagt litteratur. Alle som strevar med å lese visuell tekst på grunn av funksjonsnedsetjing, sjukdom eller lærevanskar, kan låne lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Stort og variert utval
Tibi har bøker for barn, ungdom og vaksne. Vel blant tusenvis av titlar i alle sjangrar. Studentar kan låne tilrettelagt studielitteratur.
Enkel tilgang på nett og mobil
Finn og lån bøker på nettsida eller i Tibi-appen. Der får du oversikt over nye bøker og kan finne nyheiter og boktips. Du kan også få tilsendt lydbøker på CD, og få hjelp på telefon viss du vil det.
Kven kan låne?
Alle som har utfordringar med å lese, kan melde seg inn. Nedsett syn, dysleksi, ADHD, kognitive utfordringar eller funksjonsnedsetjingar som gjer det vanskeleg å halda og bla i ei bok, kan vera det som gir lesevanskar og lånerett. Meld deg inn på tibi.no. Du stadfestar sjølv at du har lånerett.
Du finn meir informasjon på tibi.no
Tibi - Biblioteket for tilrettelagt litteratur
Kontakt:
E-post: utlaan-tibi@nb.no
Telefon: 22 06 88 10 (kvardagar kl. 10-14)