Bokkasser, klassesett og temasekkarSkuleklassar kan låne bokkasser, temasekkar eller klassesett.BokkasserBiblioteket har eit fast tilbod om utlån av ”bokkasser” til bruk i undervisninga. Utvalet omfattar først og fremst skjønnlitteratur, men også noko faglitteratur dersom det er ønskeleg.Antal bøker i bokkassene kan variere etter ønske og tal på elevar i klassen.Lånetida på bokkasser er 90 dagar.Lærarar får sitt eige lånekort til bruk i skulen. Dette kortet kan ikkje nyttast til private lån. Den enkelte lærar er ansvarleg for bøkene som blir lånte til bruk i klassen. Tapte bøker må erstattast av skulen.Klassesett/gruppesettBiblioteket har til utlån eit utval av skjønnlitteratur i klassesett (25-30 eks.) og gruppesett (6-10 eks.). Utvalet omfattar titlar på bokmål, nynorsk og nokre på engelsk.Klassesetta kan lånast av grunnskular og vidaregåande skular i Møre og Romsdal.Søk i biblioteket etter klassesett og/eller gruppesett. Lånetida er 2 månader.TemasekkarHos biblioteket kan du også låne sekkar med ulike tema tilpassa barn i barnehage- og småskulealder. Lånetid på temasekkar er 90 dagar.Temasekkar med faktabøker, skjønnlitteratur, film og aktiviteter knytt til tema: Steinalderen Småkryp SamerTemasekkar med bøker, figurar og aktivitetar knytt til historia: Bukkene Bruse på badeland Flekkmonsteret bygger harefeller Geitekillingen som kunne telle til ti Jeg er sterkest Mamma Mø leser Sist endra 11.12.2025 10.32