Alle som er fast busett i Noreg, kan få nasjonalt lånekort. Personar utan norsk fødselsnummer kan få lokalt lånekort. Dette gjeld også for skular, barnehagar og institusjonar som blir registrerte på institusjonen sitt namn og ein ansvarsperson.

Nasjonalt lånekort
Med eit nasjonalt lånekort kan du:
- Bruke same lånekort i heile Noreg - du kan låne og levere overalt i landet
- Bestille frå andre bibliotek (Norgeslån) og hente materialet ved ditt lokale bibliotek
- Fornye og reservere materiale på internett
- Fornye på sms ved å svare på melding om forfall
For å få eit nasjonalt lånekort må du registrere deg med fødselsnummer (eller D/DUF-nummer). Fødselsnummeret blir ikkje lagra i biblioteket sitt register. Dersom du har eit lokalt lånekort frå tidlegare, kan vi oppgradere kortet eller lage eit nytt kort.
Korleis få lånekort?
For å få lånekort kan du registrere deg i Ålesundsbiblioteka sitt utlånssystem Bibliofil, eller fylle ut registreringsskjema når du er på biblioteket. Om du registrerer deg på nett, må lånarkontoen din autoriserast ved biblioteket. Då får du også eit fysisk lånekort. Ta med deg gyldig legitimasjon som inneheld personnummer og bilete når du hentar lånekortet.
Det er også mogleg å registrere seg som lånar direkte i det nasjonale låneregisteret. Det gjer du på nettsida Bibliotekkortet.no.
Ta alltid med lånekortet når du skal bruke biblioteket. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på kortet ditt.
Det er enkelt å legge inn lånekortet på mobilen. Last ned Bibliofil-appen i Appstore for iPhone/iPad og Google play for Android-einingar.
Meld frå til biblioteket om du endrar namn, adresse, telefonnummer eller e-postadresse. Du kan også endre opplysningane på Mi side.
På Mi side kan du søke, bestille, reservere og fornye lånetida på bøker. Du kan melde frå om interesseområde, slik at du får e-post når nye titlar innanfor interesseområda blir bestilt.
Dersom du ikkje overheld lånetida, blir det sendt to påminningar på e-post eller sms. Blir lånt materiale tapt, skadd eller ikkje levert, skal det erstattast etter biblioteket sine reglar. Faktura med erstatningskrav pluss administrasjonsgebyr på kr. 100 blir sendt lånar. Erstatningsbeløp blir kreditert dersom du leverer før rekning er betalt. Etter at rekning er betalt, vert det ikkje refundert.