Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Lån, forny og bestill

Slik låner du bøker.

Låne

Du låner bøker og anna materiale ved å ta med deg lånekortet til biblioteket. Lånekortet kan du ha både som eit fysisk kort, og som eit digitalt kort i appen Bibliofil. 

Dersom biblioteket ditt har ein utlånsautomat, kan du bruke denne. Elles henvender du deg i skranken ved biblioteket, så låner vi ut for deg.

Du kan levere tilbake bøkene ved kva som helst av folkebiblioteka i landet.

Fornye

Du kan ha det utlånte materialet lengre ved å fornye lånet. Dette kan du gjere sjølv ved å gå inn på Mi side eller Bibliofil-appen og fornye lånet på den boka eller materialet du ønskjer å ha lengre. Du kan også kontakte biblioteket, så gjer vi det for deg. 

Ein får ikkje fornya lånet dersom det er venteliste på boka. 

Når det gjeld bøker som er innlånte frå andre bibliotek, er det eigarbiblioteket som avgjer om du får fornye.

Bestille 

Biblioteka i Noreg samarbeider i eit fjernlånssystem. Er du ute etter ein tittel som biblioteket ditt ikkje har i samlinga, kan du låne han frå eit anna bibliotek. Tilbodet er gratis. Det er nokre avgrensingar for fjernlån, sjå retningslinjer nedst på sida. 

Vi skil mellom to typer fjernlån: Innlån og Norgeslån.

Innlån - biblioteket bestiller for deg

Vi kan hjelpe deg med å låne bøker frå andre bibliotek. 

Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materialet kjem, men det kan også ta lengre tid. Ta gjerne kontakt dersom det tek meir enn 3 veker. 

Norgeslån - du bestiller sjølv

Dersom du ikkje finn det du er på jakt etter i vår bibliotekbase, kan du prøve Norgeslån. Det gjer du slik:  

Biblioteksøk kan du søke og bestille frå Nasjonalbiblioteket og dei fleste folkebiblioteka i landet og få det levert til ønska bibliotek. 

Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne nytte dette tilbodet. Pinkoden får du ved å henvende deg til biblioteket.

Logg deg inn, finn boka du vil ha, bestill og velg hentebibliotek. Du får beskjed på e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.

Dersom du ikkje finn det du leitar etter i Biblioteksøk, kan du henvende deg til biblioteket, så bestiller vi for deg. 

Retningslinjer for fjernlån (innlån og Norgeslån)

Det ligg føre nasjonale retningslinjer for fjernlån. Følgande fire prinsipp ligg til grunn for det nasjonale fjernlånssystemet:

  • Materiale som finst i eigne samlingar, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.
  • Materiale som blir levert gjennom kulturfondordninga, skal som hovudregel ikkje bestillast på fjernlån.
  • Materiale som framleis er tilgjengeleg for sal, bør alltid vurderast for innkjøp.
  • Materiale som finst digitalt tilgjengeleg, bør alltid vurderast i staden for fjernlån.

Pensumlitteratur

I tillegg til dei fire hovudprinsippa, gjeld ein særskilt regel for pensumlitteratur. Universitets- og høgskulebiblioteka forventar at studentane skal kjøpe pensum sjølve. Dette inneber at studentane ikkje skal låne heile pensumlister om gongen. Fjernlånsordninga er meint for faglitteratur som studentar treng til oppgåveskriving eller fordjupning, utover pensumlitteraturen.

Les meir om dei nasjonale retningslinjene for fjernlån her. (PDF, 166 kB)

Lokale reglar for fjernlån

Biblioteka har også lokale reglar for fjernlån, i tillegg til dei nasjonale. For Ålesundsbiblioteka gjeld desse reglane:

  • Vi har ei øvre grense på fem innlånsbøker per lånar. Dette gjeld først og fremst fagbøker.
  • Vi låner ikkje ut bøker som har venteliste til andre bibliotek på fjernlån.
  • Vi har ei karenstid på seks månader på nytt materiale.