Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Personvern for lånarar

Her finn du informasjon om kva opplysningar som blir samla inn via datasystema våre, korleis dei blir brukte, og kva rettar du har til innsyn, sletting og klaging.

Bokstavar der nokre er forma til dei engelske orda "stay safe" - Klikk for stort bilete Nylly Antoniadoui, Unspalasn
  • Ålesundsbiblioteka behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og GDPR - EU si personvernforordning
  • Biblioteket treng opplysningar om namn, adresser, telefonnummer og e-postadresser for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til brukarane. Når ein registrerer seg som lånar, gir ein samtykke til at biblioteket tek vare på desse opplysningane.
  • Opplysningane som blir registrerte i biblioteket sitt datasystem, blir ikkje brukt til andre føremål enn å administrere utlån/innlån og samle statistikk over bruken av biblioteket (statistikken er generell, ikkje knytt til enkeltpersonar).
  • Personnummeret blir ikkje lagra lokalt, men blir nytta i det nasjonale låneregisteret
  • Lånar kan velje å vere registrert som lokal lånar, då treng ein ikkje gi opp personnummeret.
  • Dei tilsette ved biblioteket har teieplikt og gir ikkje informasjon til uvedkomande om lånarane eller kva dei låner. Korkje andre brukarar, andre tilsette/verksemder i kommunen, andre bibliotektilsette eller politi/andre styresmakter får denne informasjonen. Dei tilsette i biblioteket har ikkje informasjon om kva ein lånar har lånt i andre bibliotek.
  • Innsyn: Låneren kan sjølv logge inn på Mi side på heimesida til biblioteket og/eller nytte appen Bibliofil for å sjå kva for opplysningar som er registrert på lånarkontoen, eller be om å få sjå informasjonen på biblioteket.
  • Utlånshistorikk: Utlånshistorikk (kva ein lånar har lånt) kan ikkje takast vare på utan at lånaren ber om det.
  • Lånaren kan be om at hans/hennar opplysningar i lånerregisteret blir sletta.

Kontakt biblioteket dersom du ynskjer meir informasjon om kva opplysningar biblioteket lagrar om deg som lånar!