Innlån – biblioteket bestiller for deg
Vi kan hjelpe deg med å låne bøker frå andre bibliotek.
Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materialet kjem, men det kan også ta lengre tid. Ta gjerne kontakt dersom det tek meir enn 3 veker.
Norgeslån – bestill sjølv
Dersom du ikkje finn det du er på jakt etter i vår bibliotekbase, kan du prøve Norgeslån.
På nettstaden Biblioteksøk kan du søke og bestille frå dei fleste folkebiblioteka i landet, få det levert til det biblioteket du ønskjer å hente boka på. Dersom du ikkje finn det du leitar etter i Biblioteksøk, kan du ta kontakt med biblioteket, så skal vi bestille for deg.
På Biblioteksøk loggar du deg inn med lånenummer og pin-kode eller passord. Du må ha Nasjonalt lånekort for å kunne nytte dette tilbodet. Dersom du ikkje har lånekort eller pin-kode, kan du kontakte biblioteket, så hjelper vi deg.
Når du har logga inn, kan du søke opp boka, lydboka eller filmen du vil ha, og bestille med å legge inn lånenummeret og velge hentebibliotek. Du får så beskjed på e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.