Bøker på andre språkHer finn du bøker på morsmålet ditt, eller kanskje du berre likar å lese på eit anna språk?Biblioteka våre har eit utval bøker på andre språk. Vi har ei stor samling med engelskspråklege bøker, og har også ein del bøker på andre språk som fransk, tysk, spansk, polsk og russisk.Utvalet vil variere frå bibliotek til bibliotek. Det er biblioteket Ålesund sentrum som har den største framandspråklege samlinga.Dersom du vil låne bøker på andre språk som biblioteket ikkje har, kan vi bestille for deg frå Det flerspråklige bibliotek. Sist endra 03.06.2025 15.25