Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Biblioteka har sommaropningstider frå måndag 23. juni.

I sommar har biblioteka reduserte opningstider, mellom anna stenger Ålesund og Moa bibliotek kl. 16.00 på kvardagane frå og med 23. juni. Sjå sommaropningstidene her. 

E-bøker og e-lydbøker

Les bøker på nettbrett eller mobil.

Bilete av ei kvinne som sit med ein kopp te og kikkar på Bookbites-appen på telefonen sin. - Klikk for stort bilete

Frå appen BookBites kan du låne e-bøker og e-lydbøker utan å bevege deg utanfor dørstokken. Appen er tilgjengeleg for både iOS og Android. 

Du kan låne tre e-lydbøker og fem e-bøker samstundes i appen og inntil ti av kvar per månad.

For å opprette ein brukar i BookBites treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå biblioteket.

Gjer slik:

1. Last ned appen BookBites i App Store eller Google Play.

2. Velg "Opprett ny bruker". Pass på at du vel riktig land øvst på sida.

3. Lag ein brukar med ei gyldig e-postadresse og eit sjølvvalt passord.

Du kan også bruke ein eksisterande Facebook-, Google- eller Apple-konto. Vi tilrår likevel å bruke gyldig e-postadresse og passord når du opprettar brukar. 

4. Følg instruksane og legg til opplysningane dei spør etter.

5. Etter kvart skal du legge til lånekortnummeret ditt og ein pinkode, og så velge ditt bibliotek. Dette gjer du berre ein gong. Spør biblioteket om du manglar lånekortnummer og/eller pinkode. 

6. Når du seinare skal logge inn i appen brukar du e-postadressa di og passordet du har valt.

Nettsida Brukerstøtte BookBites inneheld "Ofte spurde spørsmål" og artiklar og videoar for å lære seg korleis bruke appen.