Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

E-bøker

Les bøker på nettbrett eller mobil.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.
Bilete av ei kvinne som sit med ein kopp te og kikkar på Bookbites-appen på telefonen sin. - Klikk for stort bilete

Med appen BookBites kan du låne e-bøker som du kan lese på nettbrett eller mobil. Då har du boka lett tilgjengeleg og kan lese når det passar deg, og skal du på tur kan du ha med så mange bøker du vil utan å fylle kofferten.

Frå appen BookBites kan du låne fritt frå boksamlinga utan å bevege deg utanfor dørstokken. Logg inn med lånekort og PIN-kode (spør biblioteket om du ikkje finn koden din), så er du klar til å låne. 
Appen er tilgjengeleg for både iOS og Android, og kan lastast ned frå App Store eller Google Play.