
Filmar
I filmutvalet vårt finn du dei nyeste titlane så vel som gamle klassikarar på DVD og BluRay. Film har ei lånetid på sju dagar.
I tillegg til fysiske filmar kan du også låne film via biblioteka si strøymeteneste Filmoteket.
Dataspel til heimlån
Biblioteka har spel til både data og konsoll til utlån, både for barn og vaksne. Lånetida på desse er 4 veker, og biblioteka forheld seg til aldersgrenser satt på spela av Medietilsynet.
Utvalet vårt til heimlån inneheld spel for:
- PC
- Playstation 3
- Playstation 4
- Playstation 5
Utvalet varierer ved dei ulike biblioteka. Sjekk basen vår i Bibliofil eller spør i biblioteket om kva som er tilgjengelig.
Dataspel i biblioteket
Biblioteka har PC kor du kan spele mindre, nettbaserte dataspel.
Fleire av biblioteka har også konsollar ein kan nytte i lokala sine. Her kan du spele det biblioteket har av utval - aleine eller saman med vener.
Bibliotek som har konsoll:
- Skodje bibliotek - Nintendo Switch
- Sjøholt bibliotek - Nintendo Switch