Tidsskrift og aviserBiblioteka har eit stort utval av aviser og tidsskrift. Hjå oss kan du sette deg ned og lese den nyeste utgåva av lokalavisene så vel som riksavisene, eller låne med deg tidsskrift i ein rekke sjangrar. AviserVi abonnerer på ei rekke aviser du kan lese hjå oss. Aviser er diverre ikkje til heimlån. Sjå utvalet i ditt lokale bibliotek.Vi tar vare på lokale aviser, og har ei stor samling både i papirutgåve, på mikrofilm og digitalt gjennom Nasjonalbiblioteket. Kontakt biblioteket for tilgang til gammalt materiale. TidsskriftBiblioteket abonnerer på ei rekke ulike tidsskrift, innanfor ei rekke sjangrar. I hyllene våre kan du finne alt i frå kunstmagasin til boligmagasin, jakt og historie. Tidsskrift kan du låne med deg heim i fire veker. Dei nyaste utgåvene må du vente med å låne med deg heim til neste utgåve er utgitt. Utvalet av tidsskrift kan du sjå i basen vår i Bibliofil. Sist endra 03.06.2025 15.33