Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Harøy bibliotek held stengt i haustferien veke 41.

Rekning og erstatning

Hugs å levere tilbake det du har lånt av oss innan fristen.

Ålesundsbiblioteka har felles rutiner for purring og erstatning av bøker:

  • Etter at lånetida til ei bok eller anna materiale har gått ut, sender biblioteket ut to varsel med påminning om å levere tilbake. materialet. 
  • Dersom det framleis ikkje vert returnert, vert det sendt ut ein faktura med erstatningskrav. Det er Ålesund kommune som sender ut fakturaen. 

Kva kostar det å erstatte tapt/skadd materiale? 

Det er faste satsar for erstatning av materiale, vedteke i kommunestyret 7. desember 2023.  Sjå erstatningssatsar på tapt utlånsmateriale hos Ålesundsbiblioteka, vedteke av Ålesund kommunestyre.

  • Skjønnlitteratur (vaksen) kr 439 
  • Faglitteratur (vaksen) kr 549 
  • Barn (skjønn- og faglitteratur) kr 329 
  • DVD (vaksen/barn) kr 219 
  • CD musikk (vaksen/barn) kr 55 
  • Lydbøker (vaksen) kr 549
  • Lydbøker (barn) kr 329 
  • Tidsskrift kr 110 

Språkkurs og spesielt verdifulle bøker, t.d. på lokalsamlinga, blir fastsett individuelt av biblioteket på grunnlag av innkjøpspris og tilgang.  

Når det gjeld bøker som er lånt frå andre bibliotek er det eigarbiblioteket som fastset kravet.

Administrasjonsgebyr

Ved erstatningskrav må ein også betale eit administrasjonsgebyr på kr. 100,-.  Gebyret dekker kostnader ved å sende ut faktura, i tillegg til ekstraarbeidet biblioteket har med å skaffe materiale tilbake og klargjere for utlån. 

Har du fått erstatningskrav?

Gjer slik: 

  • Har du bøkene?
    Lever tilbake alt du har lånt og betal administrasjonsgebyret på kr. 100. Bruk fakturaen du fekk tilsendt, men juster beløpet til kr. 100. Bruk same KID-nummer. 
     
  • Finn du berre nokre av bøkene?
    Lever dei tilbake, juster beløpet på fakturaen og betal.
     
  • Finn du ikkje noko av det du har lånt?
    Då må du betale heile beløpet på fakturaen. 

Dersom du finn igjen boka etter at fakturaen er betalt, kan du ikkje få tilbake pengane. Biblioteket kan likevel vurdere om vi vil kjøpe boka tilbake. Det kan vere aktuelt om vi kan dekke eit hol i samlinga eller serien ved å kjøpe tilbake materialet. 

Spørsmål eller klager som gjeld erstatning

Ta kontakt anten personleg i biblioteket, pr. e-post: alesund.bibliotek@alesund.kommune.no eller telefon: 70 16 22 60.