LokalhistorieBiblioteka har eigne lokalsamlinger for litteratur og anna materiale som er knytt til Sunnmøre og Møre og Romsdal. Dette kan vere skjønnlitterære bøker av lokale forfattarar, faglitteratur om lokale tilhøve og historie, bygdebøker, lokalaviser og ei rekkje andre bøker og anna materiale. Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon. Omfanget av dei lokalhistoriske samlingane vil variere stort mellom dei ulike biblioteka. Det er hovudbiblioteket i Ålesund sentrum som har den største og mest innhaldsrike lokalsamlinga, med god dekning av materiale frå heile fylket. Dei mindre biblioteka har helst mindre samlingar som er direkte knytt til dei områda som biblioteka soknar til.