Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Historiske bilde

Historiske bilde frå Sponland- og Simonnæs-arkivet.

Sponland-arkivet

Aalesunds Museum fekk i 1950-åra overlevert ca 100.000 glassplater etter fotograf Johannes Sponland (1881-1962). Då FylkesFOTOarkivet blei etablert og fekk det faglege ansvaret for arkivet, var 40.000 plater og namn på tingarar registrert på arkivkort. Tingingsperioden er frå 1904 -1930.

Alle namn på tingarar er overført til ein database, og bilda er digitaliserte. Namn og digitaliserte bilder er kopiert inn i permar av plast. Det er 30 ringpermar med opplysninger. Dei bilda ein ikkje finn i permene, men som finst som namn i listene, må ein rekne med er tapt.
Eit ekstra kopisett av dette er tilgjengeleg på lokalsamlinga ved Ålesund bibliotek. Interesserte kan enkelt bla i desse, og om ynskjeleg tinge kopiar. Vi tek imot tinging på vegne av FylkesFOTOarkivet, som lagar kopiar anten på papir eller digitalt.

 

Interiør frå ein sko- og klesbutikk. - Klikk for stort bileteButikkinteriør ca. 1915 Johannes Sponland

 

Simonnæs-arkivet

FylkesFOTOarkivet har rundt 20.000 bilde etter fotograf Enok O. Simonnæs (1856-1947). Dei fleste bilda er frå perioden 1904-1920, og dei fleste er digitaliserte.

Namn på tingarar og dei digitaliserte bilda er kopiert inn i permar av plast. Kopisett av permane er tilgjengeleg på lokalsamlinga ved Ålesund bibliotek. Det er mogleg å tinge kopiar anten som papirkopiar eller i digital form. Vi tek imot tinging på vegne av FylkesFOTOarkivet.

 

Fire kvinner med hatt og ytterklede. - Klikk for stort bilete Enok Simonnæs

 

Sponlandarkivet og Simonnæsarkivet finst også tilgjengeleg på nett:

FylkesFOTOarkivet Møre og Romsdal