Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Lokalhistorie

Biblioteka har eigne lokalsamlinger for litteratur og anna materiale som er knytt til Sunnmøre og Møre og Romsdal. Dette kan vere skjønnlitterære bøker av lokale forfattarar, faglitteratur om lokale tilhøve og historie, bygdebøker, lokalaviser og ei rekkje andre bøker og anna materiale.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Hender som blar i ei gammel bok - Klikk for stort bileteOmfanget av dei lokalhistoriske samlingane vil variere stort mellom dei ulike biblioteka. Det er hovudbiblioteket i Ålesund sentrum som har den største og mest innhaldsrike lokalsamlinga, med god dekning av materiale frå heile fylket. Dei mindre biblioteka har helst mindre samlingar som er direkte knytt til dei områda som biblioteka soknar til.  

MøreRom

MøreRom er ein database der du kan finne artiklar om personar og emner knytt til Møre og Romsdal, og som har vore publiserte i sogelaga sine årsskrift eller i lokale aviser.

Historiske bilde

Historiske bilder frå Sponland- og Simonnæs-arkivet.

Lokalaviser

Ålesund bibliotek abonnerar på alle lokalavisene i fylket. Vi tek vare på avisene frå Sunnmøre. Dei originale papirutgåven vert oppbevarte i biblioteket sitt magasin. Ein del av avisene finst i tillegg som mikrofilm. Etter kvart har mange av avisene også blitt digitaliserte, og kan lesast gjennom Nasjonalbiblioteket sin avisteneste.

Mikrofilma arkivmateriale

Biblioteket har ei stor samling med mikrofilma materiale. Her finn du mellom anna folketellingar, kyrkjebøker, tingbøker og ikkje minst aviser.

Bybrannen 1904

Den store brannen i 1904 la heile bykjerna i Ålesund i ruinar. Om lag 850 hus brant ned, og 10.000 menneske blei huslause.