Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Markens grøde

Den første klassikaren ut, er Markens grøde av Knut Hamsun. Romanen frå 1917 er ikkje berre ein norsk, men ein internasjonal klassikar, som framleis er svært mykje lesen. Romanen gav Hamsun ein nobelpris og Noreg sin andre nobelprisvinnar i litteratur. I 2026 kjem ei ny filmatisering, regissert av Hans Petter Moland. 

Kollasje med omslaget frå ei tidleg utgåve av Markens grøde, og eit protrett av Knut Hamsun som vaksen mann.  - Klikk for stort bilete

Markens grøde av Knut Hamsun

Presentert av Anne Marit Huse.

Markens grøde er ein roman av den norske forfattaren Knut Hamsun. Den vart utgitt for første gong i 1917 og det var for denne romanen at Hamsun fekk nobelprisen i litteratur i 1920.

Romanen startar ikonisk med at Isak ber på ei bør og går innover i eit veglaust og udyrka terreng ein stad i Nord-Norge. Han er ein taus og sterk mann som berre har seg sjølv og kreftene sine å stola på. Han finn plassen sin, set opp ei enkel jordgamme og byrjar det harde arbeidet med å bryta jorda. 

Han får etter kvart selskap av Inger, som han giftar seg og får barn med. Når eit av borna, til liks med Inger, vert fødd med misdanninga hareskår (leppe-gane-spalte), blir Inger så fortvila at ho drep det nyfødde barnet. Ugjerninga vert oppdaga og Inger får eit langt opphald på tukthus i Trondheim.

Svart-kvitt foto av Knut Hamsun i ein åker saman med ukjend mann på traktor. Biletet er teke på Nørholm ved Grimstad, der Hamsun budde og dreiv garden. - Klikk for stort bileteHamsun i åkeren på Nørholm ved Grimstad. Han kjøpte herregarden Nørholm i 1918, og brukte nobelprispengane til å gjere den om til eit mønsterbruk. Anders Beer Wilse

Hamsun skreiv romanen under den første verdskrigen, noko som farga historia med ein djup kritikk av det moderne, kaotiske samfunnet. Opninga peikar mot eit ideal om sjølvberging og ein retur til det ekte, naturlege livet.

Romanen har også blitt lest som innlegg i debatten om straff for barnedrap som Hamsun tok aktivt del i.

Markens grøde er ein av dei mest kjente og leste romanane i norsk litteratur, den kjem stadig i nye utgåver og opplag og er jamt på utlån i biblioteket. Den vart filmatisert som stumfilm allereie i 1921 og i slutten av oktober 2026 kjem ei ny filmatisering av regissør Hans Petter Moland. 

Omslagsbilete av ei 2026-utgåve av boka Markens grøde. Omslaget viser dei to hovudpersonane slik dei er framstilt i filmen frå 2026. Foto i fargar. - Klikk for stort bilete