Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

Aktivitetar i vinterferien

Ålesundsbiblioteka har aktivitetar for barn og unge kvar dag i vinterferien. Fisketur, eventyrfotografering og teiknekonkurranse er noko av det ein kan vere med på.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.
Ingvild Haram

Ålesundsbiblioteka samarbeider med Redd Barna og Kirkens Bymisjon om å arrangere aktivitetar på biblioteka rundt om i kommunen i vinterferien. Her blir det noko for barn i både barnehage- og skulealder. Det vil vere forskjellige typer aktivitetar ved dei ulike biblioteka. Du kan sjå i arrangementskalenderen kva som skal skje dag for dag. 

Arrangementskalender

I heile vinterfeiren vil ein dessutan kunne delta i teiknekonkurransen “Korleis ser DI bok ut?”. Bidraget til konkurransen kan leverast i skranken på biblioteka, eller sendast per epost til det lokale biblioteket. 

Animasjon i fargar av ei bok med tittelen "Mitt liv som dinosaur", og med bilete av ein dinosaur på. - Klikk for stort bileteBli med i teiknekonkurransen "Korleis ser DI bok ut?". Meir informasjon om korleis du deltek i konkurransen får du ved biblioteka.