Anders Totland har gjeve ut 17 bøker på 9 år, han har besøkt rundt 2500 skuleklassar over heile landet, og er ifølgje Aftenposten kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. Som om ikkje det var nok, verva han så mange medlemmer til Noregs Mållag i 2021 at heile medlemsmassen auka med nesten ein prosent, i eit stunt der han gav vekk den første vaksenromanen sin, Vintertonar. Då romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut året etter, gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, blei selt til fleire andre land - og skal i tillegg bli film. No er Anders Totland klar med det forlaget kallar ein nokså frittståande oppfølgjar: Til døden skil oss.
Romanen Til døden skil oss
Det er ei veke til bygdas nye prest Maria skal gifte seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då.
I Til døden skil oss finn du humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.
Om Anders Totland
Anders Totland vaks opp på Bømlo, og bur no på Valen i Kvinnherad. Han debuterte som forfattar med barneboka Vampyrane i eplehagen i 2015, og har sidan gjeve ut bøker i dei aller fleste sjangrar. Den første ungdomsromanen hans, Engel i snøen (2016), vann Nynorsk barnelitteraturpris, og for neste bok, Så lenge ingen ser oss (2017), fekk han tildelt Ordknappen. Den første sakprosaboka, Den norske slavehandelen (2018), blei nominert til Kulturdepartementets fagbokpris. Han er i år aktuell med to nye bøker: Vaksenromanen Til døden skil oss og barneromanen Gunnars rekordbok, som er nominert til Bokslukerprisen.