
Velkommen til ein kveld i litteraturens namn ved Ålesund bibliotek. Her vil vi presentere bøkene som er nominerte til Bibliotekets litteturpris, og spanande bøker som kjem ut no i haust. Vi presenterer også arrangementsprogrammet til biblioteket.
Bibliotekets litteraturpris
Kven vinn Bibliotekets litteraturpris i år? Det er du som lesar som avgjerd! Denne kvelden presenterer vi årets nominerte bøker. Vi som jobbar på biblioteket fortel kort om kvar av dei, og kvifor vi meiner dei er verdt å lese.
Bibliotekets litteraturpris er ein pris som blir delt ut kvart år av folkebiblioteka i Norge. Bøker som er utgjevne dei siste fem åra kan nominerast til prisen. Bibliotektilsette frå dei åtte storbybiblioteka i landet plukkar ut bøkene i ein nominasjonsprosess. Så kan publikum stemme på sin favoritt fram til 26. september. Vinnaren vert kunngjort i oktober.
I år er det desse seks bøker som er nominerte:
• Aina Basso: Eg rissa desse runene (novellesamling)
• Kyrre Andreassen: Ikke mennesker jeg kan regne med (roman)
• Pedro Carmona-Alvarez: Chiquitita (roman)
• Anne Bitsch: Brorskapet (sakprosa)
• M. Seppola Simonsen: Hjerteskog // Syđänmettä (diktsamling)
• Vigdis Hjorth: Gjentakelsen (roman)
Les, vurder og stem på favoritten din på biblioteketslitteraturpris.no innan 26. september.
Haustprogram og nye bøker
Også i haust har Ålesund bibliotek eit breitt og variert arrangementsprogram. Vi gir deg ein smakebit frå kva som skjer hos oss i haust.
De får også tips om nokre av dei mest interessante bøkene frå bokhausten.
Litteraturquiz
Etterpå blir det litteraturquiz – den første av tre i haust. Her kan du teste bokkunnskapen din og vinne fine premiar. Du kan delta åleine eller saman med andre (lag på maks. 5 personar).
Vi vil gjerne ha påmelding til quiz, slik at vi veit om lag kor mange som kjem. Påmelding innan 2. september til katrine.ekroll.celius@alesund.kommune.no
Ta turen til biblioteket for bokprat, tips og litt morosam hjernetrim!
Program torsdag 4. september:
Kl. 18.00 – 18.30: Bibliotekets litteraturpris 2025 – informasjon om prisen, og presentasjon av dei nominerte
Kl. 18.35 – 18.45: Arrangementshausten ved Ålesund bibliotek
Kl. 18.45 - 18.55: Bokhausten 2025
Kl. 19.00 – 20.00: Quiz
Ein treng ikkje vere med heile kvelden, det går heilt fint å kome berre til quizen, eller berre til bokpresentasjonane.
Dei nominerte til Bibliotekets litteraturpris, bokhausten og arrangementsprogrammet vil også bli presentert på Moa bibliotek torsdag 11. september kl. 13.00.
