Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Helene Uri: Språk er makt

Språk, makt, kjønn og bøker – det skal det handle om når Helene Uri besøker Ålesund bibliotek onsdag 5. november.

Anna-Julia Granberg

Det ligg mykje makt i språket, og det er ikkje berre eigedomsmeklarar og politikarar som prøver å manipulere og forføre oss med ord. Uri skal mellom anna snakke om kva for ord vi bruker i kvardagsspråket for å beskrive kvinner og menn, og ho skal ta oss med inn i den norske bokheimen og avsløre om kvinnelege og mannlege forfattarar bruker språket på ulikt vis. 

Helene Uri er forfattar og språkvitar. Ho har doktorgrad i lingvistikk og var i mange år professor II i kreativ skriving. Ho har vore spaltist i fleire aviser og skriv no i språkspalta i Aftenposten. Ho har skrive rundt 40 bøker, både romanar og faglitteratur, er omsett til 20 språk og har vunne ei rekkje prisar, mellom anna Brageprisen. 

 Arrangementet er støtta av Foreningen !les, og er gratis og ope for alle.

Les meir på Friskus