
Sjøholt, Skodje og Harøy bibliotek vil alle vere stengte nokre veker i sommar. Sjøholt er først ut. Der er biblioteket stengt i veke 26–29. Skodje bibliotek er stengt i veke 27–31, medan Harøy bibliotek er stengt i veke 29–32.
Dette vil seie at i desse periodane vil ikkje lånarane ha tilgang til å levere eller hente bøker.
Forlenga lånetid på utlånte bøker
Bøker som er utlånt frå eit stengt bibliotek, får ekstra lang lånetid, slik at lånet ikkje forfell før biblioteket er ope igjen. På den måten unngår du å få purring på ei bok som du ikkje får levert inn.
Lever likevel inn bøkene ved andre bibliotek
Vi oppmodar alle som har moglegheit til det, om å levere inn bøkene ved eit anna av Ålesundsbiblioteka. Dette fordi mange bøker, særleg nye, populære titlar, har lange ventelister. Om du leverer ved eit anna bibliotek, kan nestemann på ventelista få boka utan å måtte vente meir enn nødvendig.
Du kan også levere bøkene ved eit kva som helst folkebibliotek i heile landet. Om du har med deg bøker på ferie i Norge, kan du altså levere den inn på næraste bibliotek, så sender dei ho dit ho skal.
Endre henteavdeling på reserverte bøker
Bøker som du har reservert, og som har eit stengt bibliotek som henteavdeling, vil du få tilbod om å hente ved Ålesund eller Moa bibliotek i staden. Vi tek kontakt med deg på epost eller SMS når den reserverte boka kjem inn, og spør om du vil hente den ved eit av desse to biblioteka. Vi sender så boka dit du vil hente den.
Om vi ikkje får svar, går boka vidare til neste lånar om det er venteliste. Vi legg så på ei ny reservering for deg, slik at du kan hente boka neste gong den blir ledig. Dersom det ikkje er andre på venteliste, så set vi boka tilbake på hylla og legg på ei reservering fram i tid til deg.
Vel andre henteavdelingar sjølv
For deg som reserverer bøker sjølv i Bibliofil-appen eller bestiller dei frå Biblioteksøk, er det lurt at du ikkje vel eit stengt bibliotek som henteavdeling. Då vil du ikkje kunne hente boka før biblioteket har opna igjen etter ferien.
Reserveringar som allerede ligg inne, kan du sjølv endre henteavdelinga på, eller “pause” reserveringa ved å flytte ho fram i tid. Dette kan du gjere ved å logge deg inn i Bibliofil-appen eller på Mi side.
Framgangsmåten for å endre henteavdeling eller dato finn du her