Slik kan du endre reserveringane dine før ferienFor å sleppe å få hentemeldingar når du sjølv er på ferie, kan du utsetje reserveringane dine. På den måten slepp du å reservere boka heilt på nytt etter ferien og hamne sist på ventelista. Du kan også endre henteavdeling på reserverte bøker, slik at du får henta dei ved eit bibliotek som ikkje er stengt for sommaren. I Bibliofil-appen og på Mi side kan du sjølv utsetje reserveringane dine og slik behalde plassen i køa. Same stad kan du også endre henteavdeling – jamfør saken om sommarstengte bibliotek. Slik gjer du det i Bibliofil-appenOpne appen Bibliofil og logg inn om du ikkje allereie er innlogga. Trykk på den runde menyknappen nedst på skjermen.Trykk på “Min side”.Trykk på “Lånt og bestilt”.Reserveringane/bestillingane ligg nedst, under “Bestilt”. Trykk på “Endre” ved sidan av datoen.Vel den datoen det passar at reserveringane blir aktive igjen.Hugs å lagre! Slik gjer du det på Mi sideLogg inn på Mi side på alesundsbiblioteka.noKlikk på “Lånt og bestilt” i menyen til venstre.Reserveringar/bestillingar ligg nedst på sida som kjem opp, under “Bestilt”. Klikk på “Endre” ved sidan av datoen. Vel den datoen det passar at reserveringane blir aktive igjen.Hugs å lagre!For å endre henteavdeling er framgangsmåten den same som over, berre at du vel “Endre” ved sidan av henteavdelinga i staden for datoen. Vel anten Moa eller Ålesund bibliotek som henteavdeling. Sist endra 24.06.2026 13.14