
Les Vegas, baby! er ei samlings- og lesestund, med innslag av song, rim og reglar for barn frå 7 månader til 1,5 år og deira føresette. Vi samlast i barneavdelinga ved biblioteket. Sjølve økta går føre seg i om lag ein halvtime. Etterpå er det tid for hyggeleg samvære, med høve til både leik og kravling rundt omkring på barneavdelinga. Vi legg til rette med tepper, puter, bøker og leiker, slik at det blir ei god oppleving for både barn og vaksne.
Alle er velkomne til Les Vegas, baby!, uansett språkkunnskapar, nasjonalitet og kulturell bakgrunn. Hugs at det aldri er for tidleg å lese for barnet ditt! På den måten blir språkutviklinga stimulert. I tillegg bidreg samlinga til sosialisering i trygge og trivelege omgjevnader, både for barna og for dei vaksne.
Ålesund bibliotek starta opp med Les Vegas, baby! i fjor haust, og det har blitt eit populært tilbod. Vi synest at det er ekstra stas at det er mange fedre som har funne vegen til Les Vegas, baby! I haust har vi difor utvida tilbodet slik at det blir Les Vegas, baby! ved Moa bibliotek og Skodje bibliotek også. Tidspunkta ved dei ulike biblioteka er:
- Ålesund bibliotek: Kvar tysdag kl. 11 - 12, med unntak for tysdag i haustferien, 7. oktober.
Oppstart tysdag 2. september. - Moa bibliotek: Annankvar tysdag kl. 11 - 12, med unntak for torsdag i haustferien, 9. oktober.
Oppstart torsdag 11. september. - Skodje bibliotek: Annankvar fredag kl. 11 - 12, med unntak for fredag i haustferien, 10. oktober.
Oppstart fredag 12. september.
Du finn dei nøyaktige dagane og tidspunkta i kalenderen her på heimesida til Ålesundsbiblioteka, på Facebook og på plakatar i biblioteka.
Det er inga påmelding for å vere med, det er berre å møte opp på biblioteket. Hjarteleg velkomen til små og store!