Aida Kjerstad
Meiropne bibliotek er ei aukande trend i bibliotekverda, og Ålesund bibliotek er glad for å no kunne tilby dette til sine lånarar dei også. Fleire av Ålesundsbiblioteka er allereie meiropne, både Moa, Skodje og Sjøholt bibliotek har dette tilbodet.
Med meirope bibliotek kan du altså kome til biblioteket utanom den ordinære opningstida. Då kan du låne og levere bøker på sjølvbeteningsautomatane, du kan lese aviser, tidsskrift, eller bøker, sjølvsagt. Du kan arbeide, studere, bruke PC og utskriftsmoglegheiter, eller rett og slett bruke lokala til å treffast og til dømes spele spel eller gjere andre aktivitetar saman med vener.
Meirope bibliotek er ei løysing som svært mange bibliotek har teke i bruk dei siste åra, og det er noko som lånarane ved Ålesund bibliotek har etterspurt lenge. Det krevst ein del både på den tekniske sida og av sjølve lokalet, med tanke på tilkomst og innlåsing. Der biblioteket ligg i fellesbygg som også husar andre tenester, må ein finne løysingar som gjer at lånarane berre får tilgang til biblioteket, og ikkje resten av bygget. Dette har vore ei utfordring ved Ålesund bibliotek, som ligg i den såkalla lavblokka ved Rådhuset. I lavblokka finn ein også bystyresalen og andre møterom, i tillegg til at det er fleire kommunale verksemder som held til her. No har ein fått nye tekniske løysingar på dører, heiser og anna i bygget, som har gjort det mogleg for Ålesund bibliotek å endeleg kunne tilby meirope bibliotek.
Aida Kjerstad
Slik fungerer det
- For å få tilgang til meirope bibliotek må du vere 18 år. Barn kan opphalde seg i biblioteket i meiropetida dersom dei er i følgje med ein føresett som har meiropetilgang.
- Du må signere ei kontrakt som seier hva reglar som gjeld for meirope, og kva ein forpliktar seg til med denne tilgangen. Kontrakta får du ved å henvende deg i skranken ved biblioteka.
- Når du har får tilgang, får du også ein firesifra PIN-kode, dersom du ikkje har denne frå før. Så kan du låse deg inn på biblioteket i meiropetida med lånekortet ditt, anten fysisk eller digitalt, og PIN-koden.
- Ålesund bibliotek og Moa bibliotek har felles system. Dette betyr at dersom du har tilgang til meirope på Moa bibliotek, får du automatisk også tilgang på Ålesund bibliotek, og omvendt.
- Skodje og Sjøholt bibliotek har også meirope, men dei har eigne system. Der kan du ikke bruke lånekortet ditt for å låse deg inn, men må få eit eige kort og kode ved det aktuelle biblioteket.
Du kan lese meir om meirope bibliotek og korleis det fungerer ved dei einskilde biblioteka her.
Nye opningstider
Opningstidene for meriope bibliotek ved Ålesund bibliotek blir kl. 09.00–21.00 måndag til laurdag. Søndag er biblioteket framleis heilt stengt. I samband med oppstart av meiropetilbodet, vil biblioteket også få noko reduserte bemanna opningstider. Måndag til torsdag vert biblioteket ope til kl. 18.00, ikkje 19.00 som no. Dei nye opningstidene til biblioteket blir såleis slik:
Velkomen til meirope bibliotek!
