Ny rutine for meirope ved Skodje bibliotekOm du skal bruke meirope ved Skodje bibliotek, er det no innført pinkode som du må bruke i tillegg til sjølve kortet. Pinkoden får du om du tek kontakt med biblioteket.Med meirope kan du besøke Skodje bibliotek også utanom ordinær opningstid.Skodje bibliotek er eit av Ålesundsbiblioteka som har løysinga med meirope. Det vil seie at lånarar kan få tilgang til å nytte biblioteket også ut over ordinær opningstid. For å få denne tilgangen må du oppsøkje biblioteket i bemanna opningstid. Du signerer ei kontrakt som mellom anna inneheld reglar for bruk av biblioteket. Du får så eit eige kort og ein pinkode som du nyttar når du skal låse deg inn. For deg som allereie har denne tilgangen, må du kontakte biblioteket for å få informasjon om kode og vidare tilgang. Skodje bibliotek held til på Gomerhuset, og har desse opningstidene:Måndag kl. 13-16Tysdag kl. 12-18Onsdag kl. 13-16Torsdag kl. 13-19Fredag kl. 12-16Du kan også ringe oss: Skodje bibliotek har telefonnummer 481 33 324Ålesund bibliotek har telefonnummer 70 16 22 60 eller sende epost: skodje.bibliotek@alesund.kommune.noalesund.bibliotek@alesund.kommune.noTa kontakt, så hjelper vi deg gjerne!Du kan også lese meir om meirope bibliotek her. Sist endra 29.05.2026 13.33