Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Ålesund bibliotek får nye opningstider i samband med meirope bibliotek. Frå måndag 5. oktober stengjer biblioteket ein time tidlegare måndag til torsdag. 

Etter å ha vore ope til kl.19.00 måndag til torsdag i ei årrekkje, vert det no endringar i opningstida ved Ålesund bibliotek. I samband med at biblioteket startar med meirope, vert ordinær opningstid korta ned med ein time på kveldstid nokre av dagane. Frå måndag 5. oktober stenger biblioteket kl. 18.00 måndag til torsdag. Fredagane stenger biblioteket kl. 16.00 som før, likeeins kl. 15.00 laurdagane. 

Meiropa løysing vil seie at lånarar kan bruke biblioteket også utover ordinær opningstid. For å få denne tilgangen må du vere over 18 år, og du må skrive ei kontrakt med biblioteket. Du kan lese meir om dette her. 

Frå måndag 5. oktober er det altså desse opningstidene som gjeld ved Ålesund bibliotek:

Nye opningstider Ålesund bibliotek
DagOpningstidMeirope
MåndagKl. 10.00–18.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 18.00–21.00
TysdagKl. 10.00–18.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 18.00–21.00
OnsdagKl. 10.00–18.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 18.00–21.00
TorsdagKl. 10.00–18.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 18.00–21.00
FredagKl. 10.00–16.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 16.00–21.00
LaurdagKl. 10.00–15.00Kl. 09.00–10.00 og kl. 15.00–21.00
SøndagStengtStengt