Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nytt år, ny kommune og nytt bibliotek

Kommunedelinga er eit faktum, og denne fører med seg endringar for biblioteka også.  Ålesundsbiblioteka består no av seks gjenverande bibliotek, medan dei fem siste har blitt til Haramsbiblioteka. Sjå kva dette har å seie for deg som lånar. 

To gule vegskilt i motsett retning, eit peikar til Ålesund og eit til Haram. Illustrasjon i fargar. - Klikk for stort bilete

Frå januar 2024 består Ålesundsbiblioteka av Ålesund, Moa, Skodje, Sjøholt og Harøy bibliotek. Som følgje av oppsplittinga har også utlånssystemet til biblioteka blitt delt. I ein overgangsperiode kan lånarane merke nokre konsekvensar av dette. Det kan vere utlånte bøker som dei ikkje lenger finn igjen, eller reserveringar som har forsvunne. Vi har forsøkt å fange opp mest mogleg av slike ting, slik at til dømes dei fleste reserveringar som har blitt sletta har blitt lagt inn på nytt, eller bøkene har blitt bestilt inn frå andre bibliotek. Det kan likevel vere ting som har ramla gjennom sprekkene. Vi ber lånarane ta kontakt om det er noko som ikkje verkar rett, så skal vi gjere det vi kan for å ordne opp i det.   

Nokre endringar vil delinga føre med seg for lånarane våre, men vi vil prøve å gjere overgangen så lite merkbar som mogleg. Det største skilnaden gjeld det å reservere bøker. Sidan Haramsbiblioteka no er skilt ut frå Ålesundsbiblioteka, vil det seie at lånarane ikkje har like god tilgong til bøkene frå Brattvåg, Vatne, Haramsøy, Longva og Lepsøy som dei har hatt fram til no.  Sidan vi no er to ulike bibliotek, vil vi ikkje lenger ha tilgang på kvarandre sine katalogar. Dette vil seie at ein Ålesundslånar ikkje lenger kan reservere ei bok frå til dømes Brattvåg bibliotek. Dersom ein skal ha tak i bøker som ikkje finst på eit av Ålesundsbiblioteka, må ein no bestille dei som fjernlån gjennom til dømes Biblioteksøk. Biblioteka kan hjelpe til med dette.

Haramsbiblioteka

Dei nye Haramsbiblioteka består av Brattvåg, Vatne, Haramsøy, Longva og Lepsøy bibliotek. Dei har fått eigen katalog og bokbase, og eigne nettsider. Her finn du kontaktinformasjon, opningstider og anna: 
Haramsbiblioteka