Ope møte om Moa bibliotek som møteplass Moa bibliotek inviterer til ope møte for å snakke om korleis ein kan utvikle biblioteket som møteplass. Dei vil gjerne ha med lag og foreiningar som kan tenkje seg eit samarbeid med biblioteket. Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon. Onsdag 30. november inviterer Moa bibliotek til ope møte i biblioteket kl. 18.00. Utgangspunktet for dette er at dei ønskjer å utvikle biblioteket som møteplass. For å få til dette, vil dei gjerne ha samarbeid med lag og organisasjonar som kan tenkje seg å bruke biblioteket til arrangement eller møte. Biblioteket har scene, høgtalaranlegg, prosjektor og sitteplassar til om lag 80 personar til disposisjon, og alt ligg såleis til rette for dei som ønskjer å ha til dømes eit arrangement der. Lokalsamfunnet treng fleire opne møteplassar for læring og deltaking, og Moa bibliotek kan vere ein slik plass. Biblioteket vil på denne måten medverke til eit opnare og meir inkluderande samfunn. Dette inneber også at arrangement og møte i biblioteket må vere gratis for deltakarar og publikum. Er du med i eit lag, ei foreining eller ein organisasjon og kan tenkje deg å bruke biblioteklokala til arrangement av ulikt slag? Då ønskjer Moa bibliotek deg velkomen til møte, og håpar det kan resultere i eit fruktbart samarbeid! Sist endra 24.11.2022 09.46