Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Read Hour 2025 - ein lesetime for alle

Måndag 8. september markerer Ålesundsbiblioteka den internasjonale Read Hour med arrangement som inviterer både store og små til å sette av ein time til lesing. Målet med Read Hour er å løfte fram lesing som ein verdifull aktivitet – ei kjelde til ro, refleksjon og ny innsikt i ein travel kvardag.

Read Hour 2025: Ein lesetime for alle – med poesi, kaffe og høgtlesing

Read Hour, eller Lesetimen, er ein internasjonal kampanje som oppmodar alle, uansett alder, om å sette av éin time til lesing. Du kan lese sjølv, lytte til høgtlesing eller dele ei lesestund med andre. Det viktigaste er å ta deg tid til å nyte litteraturen og oppleve kva den kan gi – anten det er ro, innsikt eller fellesskap. Ålesunsbiblioteka markere Read Hour med fleire arrangement denne dagen. 

Høgtlesing for barn

På biblioteka i Ålesund blir det arrangert høgtlesing for barn gjennom dagen. Her får dei yngste høyre forteljingar som engasjerer og inspirerer, formidla av dyktige lesarar i trygge og hyggelege omgjevnader. Høgtlesning er ein viktig del av barns møte med litteratur, og gir rom for undring og samtale.

Skodje bibliotek markerer Read Hour/Lesetimen for andre gong. Her vil bibliotekaren besøke Prestemarka barnehage og Skodje barnehage og ha to koselege lesestunder for barna der.
 

Plakat med bilete av høgtlesing, og med teksten Lesetimen 2025 - Klikk for stort bilete

For vaksne: Poesi & kaffi med Charlotte Riise på Racoon 

For det vaksne publikumet tilbyr vi noko heilt spesielt, nemleg Poesi & kaffi – ein annleis lunsjpause, med Charlotte Riise. I ein travel kvardag kan det vere vanskeleg å finne tid til ettertanke. Med dette arrangementet ønskjer vi å gi publikum ein meiningsfull pause, ei stund der poesi og kaffi går hand i hand. Forfattar Charlotte Riise les frå si nyaste diktsamling, Vi ville tru, som utforskar det å vere barn og å bli vaksen, og det å sjå tilbake på eigne foreldre etter sjølv å ha blitt ein. Det blir ei nær og stemningsfull lesestund, med dikt som rører og gir rom for refleksjon.  Her blir det påfyll både for kropp og sinn. Poesi & kaffi finn stad i 2. etasje på Racoon Coffee i Kongens gate i Ålesund sentrum kl. 11.30 måndag 8. september.

Lesekiosken – eit lavterskeltilbod for leselyst

Like ved Racoon Coffee finn du også Lesekiosken, som er eit ubetent, ope byttebibliotek. Lesekiosken er tilgjengeleg for alle, og gir deg moglegheit til å ta med deg ei bok heim, eller sette deg ned og lese der og då.  Du kan levere boka tilbake om du vil, eller du kan sette igjen andre bøker som du trur fleire vil ha glede av. Tilbodet er ein del av arbeidet vårt med å gjere litteraturen tilgjengeleg på fleire arenaer, og passar perfekt for deg som ønskjer ei spontan lesestund i løpet av dagen.

Alle arrangementa er gratis og opne for alle, og er støtta av Foreningen !Les/Stiftelsen LESE.

Velkommen!