
Verdas bokdag heiter eigentleg Verdas bok- og opphavsrettdag. Denne dagen feirar vi bokglede, leselyst og det positive med lesing. Dagen har også til føremål å oppmuntre til og støtte utgiving av bøker, og sikre forfattarane sin opphavsrett. Bøker er ei bru mellom fortid og framtid, mellom generasjonar og kulturar. Dei er også ein grunnleggjande del av den sosiale og kulturelle utviklinga til menneskeslekta.
Ålesundsbiblioteka markerer Verdas bokdag i samarbeid med Foreningen !les. Sjølv om dagen er 23. april, så spreier vi aktivitetane utover heile veka. Her er oversikt over dei planlagde aktivitetane:
Moa bibliotek
- Litteraturrebus for barn frå tysdag til laurdag.
- Laurdag 26. april kl. 11.00: Lesestund for barn
- Bokutstilling heile veka.
Skodje bibliotek
- Onsdag 23. april kl. 14.00: Kreativt verksted – Vi lagar små minibøker av kasserte bøker. Dette er ein kjekk aktivitet som kombinerer gjenbruk og fantasi.
- Litteraturrebus for barn og unge
Sjøholt bibliotek
- Litteraturrebus for barn
- Bokutstilling
Harøy bibliotek
- Litteraturrebus for barn
- Bokutstilling
Ålesund bibliotek
Onsdag 23. april kl. 11.00: Lesestund for barnehagar ved Lesekiosken i Kongens gate.
Utover desse aktivitetane oppmodar vi alle om å ta seg ein tur til biblioteket, finne seg ei bok eller fem, og vere med å markere bokdagen!
Meir om Verdas bokdag
Det er UNESCO, FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, som står bak markeringa av Verdas bokdag 23. april kvart år.
Datoen er ikkje tilfeldig. I bokverda er dette ein dato som veg tungt i historia. 23. april 1616 døydde nemleg tre store forfattarar - ruvande i litteraturhistoria og fedrane til den moderne litteraturen: Miguel de Cervantes, William Shakespeare og Inca Garcilaso de la Vega. I 1995 vedtok UNESCO at Verdas bok- og opphavsrettsdag skal markerast på denne symbolske datoen. Over hundre land feirar Verdas bokdag i dag.
Dag Hammarskjöld Library ved FNs hovudkvarter i New York.
UN Photo