Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Nye opningstider ved Ålesund bibliotek

Vi har starta med meirope bibliotek. I samband med dette er dei bemanna opningstidene noko reduserte. 
Dei nye opningstidene kan du sjå her. 
Du kan lese meir om meirope og korleis du får tilgang her. 

Kunstvegg

På Ålesund bibliotek har vi kunst- og fotoutstillingar som vi skiftar ut månadleg.

 

I Ålesund sentrum har vi månadlege utstillingar med verk frå både profesjonelle kunstnarar og hobbykunstnarar. Kunstveggen starta som ein fotovegg med utstillingar av fotografi og fotokunst. Seinare vart det utvida til å famne fleire kunstuttrykk, både biletkunst, installasjonar, tekstilkunst med meir. 

Det er gratis å stille ut verka sine i biblioteket, og vi hjelper til med marknadsføring av utstillinga. Materiale til oppheng må du dekke sjølv. Det også kunstnarane sjølve som heng opp utstillingane. 

Er du interessert i å stille ut kunstverka dine? Ta kontakt med Nils Christian Pettersson på Nils.Christian.Pettersson@alesund.kommune.no