Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Ålesund bibliotek opnar igjen måndag 19. mai

Bygningsarbeidet ved biblioteket tar noko lenger tid enn planlagt, slik at vi vert nøydde til å utsette opninga med eit par veker. Fram til då gjeld framleis dette:

  • Alle arrangement vert flytta til Sydvesten-lokalet.
  • Aviser, utskrift og kopiering er tilgjengeleg på innbyggartorget.
  • Innlevering kan gjerast i kasse utanfor døra til biblioteket.
  • Vi takkar for tolmodet!

MøreRom

MøreRom er ein database der du kan finne artiklar om personar og emner knytt til Møre og Romsdal, og som har vore publiserte i sogelaga sine årsskrift eller i lokale aviser.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehalde utdatert informasjon.

Søkesiden til artikkeldatabasen MøreRom - Klikk for stort bileteSlik ser søkesida til artikkeldatabasen MøreRom ut.  

Det er mange historielag og sogelag i fylket. Desse gjev ut årsskrifta sine kvart år, som innheld mangt om mykje frå sogelaget sitt område.
Mange av årsskrifta er analyserte og søkbare i ein eigen base kalt MøreRom. Nokre artiklar er tilgjengelege i fulltekst, andre må tingast frå biblioteket. Du får då ein kopi av artikkelen tilsendt.   
Basen er under utvikling.

Her kan du søke og tinge artiklar i MøreRom:

MøreRom