Aktuelt - Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka Ålesundsbiblioteka

Ålesundsbiblioteka
Ålesundsbiblioteka

Aktuelt

Endring i opningstidene 18. og 19. mars

I veke 12 vert det 80. norske bibliotekmøtet arrangert i Molde. I samband med dette vil nokre av Ålesundsbiblioteka ha kortare opningstid og nokre vere heilt stengde onsdag 18. og torsdag 19. mars.  

Bokbad med Birgit Skarstein

Birgit Skarstein besøker Ålesund bibliotek måndag 16. mars og fortel si historie, om vegen frå ei livsendrande ulukke til paralympisk gull. Det blir ein kveld om mot, vilje og siger over utfordringar. 

"Hvite striper, sorte får"

Dei to journalistane Øistein Monsen og Torgeir P. Krokfjord gav ut boka “Hvite striper, sorte får” i fjor haust. Den fekk stor merksemd i media, ikkje minst fordi Marius Borg Høiby er ein av dei som vert omtala. Torsdag 5. mars kjem dei to forfattarane til Ålesund bibliotek for å snakke om arbeidet med boka, i samtale med NRK-journalist Pål Kristian Lindseth. 

Berre bønder lengtar heim

Tysdag 3. mars kjem Are Kalvø til Harøy for å snakke om den siste boka si, “Berre bønder lengtar heim”. Vi kan vente oss ein underhaldande føremiddag med satire og samfunnsanalyse på lågt nivå. Kanskje møter vi også oss sjølve i døra?

Rima Iraki: Flukta frå Palestina

Som journalist og programleiar i Dagsrevyen og Urix rapporterte Rima Iraki i mange år om krig, konflikt og flyktningstrømmar. No vender ho blikket innover og fortel den sterke historia om sin eigen familie i boka “Flukten fra Palestina – min norsk-palestinske familiehistorie”. Møt Iraki i samtale med biblioteksjef Lia Ciobanu Andresen på Ålesund bibliotek 25. februar.

Fleirspråklegheit er gull!

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. I Ålesundsbiblioteka set vi søkelys på morsmål, identitet og språkleg mangfald med arrangement og utstillingar i perioden 10. – 26. februar.

USA - ein nekrolog?

Korleis har Trump og MAGA-bevegelsen endra USA – og kva betyr det for Norge? USA-ekspert Hilde Eliassen Restad tek pulsen på amerikansk politikk under det andre Trump-regimet i si nye bok “USA – en nekrolog?”  Tysdag 10. februar kjem ho til Moa bibliotek.

Vi heidrar familien Steinfeld

På Holocaustdagen 27. januar heidrar Ålesund kommune familien Steinfeld med ei markering som omfattar avduking av minneplakett, utstilling på Aalesund museum og bokbad med Dag Steinfeld på Ålesund bibliotek. 

Ålesund litteraturfestival 2026

Endeleg er det januar og litteraturfestival igjen! Ålesund litteraturfestival blir arrangert for fjerde gong 22. - 24. januar.  Vi startar det nye året med ei storslegen feiring av leselyst, bøker og forfattarar! I år som i fjor er det eit variert og spanande program for både barn og vaksne. 

Fotoutstilling i januar: "Almost Cut My Hair"

Kjetil Gjøen stiller ut sine bilder ved Ålesund bibliotek i januar. Utstillinga består av svartkvitt-fotografi av norske og internasjonale artistar, tekne på norske musikkscener mellom 1973 og 1976.