I perioden frå og med 19. mai til og med 3. juni har Harøy bibliotek desse opningstidene:Måndag, tysdag og torsdag: kl. 13.00–16.00
Måndag 27. mai held biblioteket stengt.
Moa bibliotek feirer kvinnedagen laurdag 8. mars med arrangement for både barn og vaksne, i samarbeid med 8. mars-komiteen i Ålesund.
Det er på tide å oppsummere fjoråret. Lurer du på kva for bøker som vart mest utlånt hos Ålesundsbiblioteka i 2024? Her får du 10 på topp-listene, som samtidig fungerer som lesetips for deg som ikkje har vore gjennom desse bøkene allereie.
Endelig er det januar og litteraturfestival igjen! Ålesund litteraturfestival blir arrangert for tredje gong 23. - 25. januar. Vi startar det nye året med ei storslegen feiring av leselyst, bøker og flotte forfattarar! I år som i fjor er det eit variert og spanande program for både barn og vaksne.
Vi er stolte og glade over å kunne dele den fantastiske nyheita om at Ålesund bibliotek er tildelt den prestisjetunge prisen Årets Bypatriot 2024! Denne hedersnemninga blir delt ut årleg til ein enkeltperson, ei bedrift eller ein organisasjon som har gjort ein betydeleg innsats for å gjere Ålesund til ein betre stad å bu, besøke og leve i.
Det har kome svært mange søknadar på kurset om kunstig intelligens, som Ålesundsbiblioteka arrangerer i samarbeid med NTNU Ålesund våren 2025. Søknadsskjemaet er difor stengt, slik at det no ikkje lenger er mogleg å søke om plass på kurset.
Utover hausten blir det lese- og samlingsstund for babyar og føresette på Ålesund bibliotek kvar tysdag.
Are Sende Osen, kjend frå humorduoen Are & Odin og podkastserien og bøkene om kongerekka i Noreg, kjem til Ålesundsbiblioteka i oktober.
14. oktober besøkjer den kjende psykologen og forfattaren Peder Kjøs Ålesund bibliotek med føredrag basert på si nyaste bok «Du kan få det bedre – forstå mer av deg selv og relasjonene dine.»
Naturvernforbundet, Besteforeldrenes Klimaaksjon, Natur og Ungdom og Moa bibliotek inviterer til haustsamling onsdag 2. oktober, denne gongen med ein miks av lyrikk og sakprosa i fylgje med lokale innslag og opplesing i Moa bibliotek.
Ålesundsbiblioteka markerer nasjonale bibliotekdagar frå 2.-8. september. Denne veka løftar vi fram gamle og nye lesearrangement både for vaksne og barn.